Etnecup er ein av dei største og mest tradisjonsrike fotballcupane for barn og ungdom på Vestlandet. Cupen vart arrangert for første gong i 1980, og har sidan den gong utvikla seg frå ei lokal turnering til eit stort arrangement som samlar lag frå store delar av regionen.
Gjennom meir enn fire tiår har Etnecup vakse jamt i omfang. Frå dei første åra med eit avgrensa tal lag, samlar turneringa i dag om lag 160 lag og rundt 2 000 deltakarar, inkludert spelarar, trenarar og lagleiarar. Dei fleste laga kjem frå området til Rogaland og Hordaland fotballkrinsar.
Etnecup er mykje meir enn berre fotball. Kvart år vert heile Etne prega av cupstemning, med aktivitetar, sosiale møteplassar og eit stort tal frivillige som gjer arrangementet mogleg. For mange lag har cupen vorte ein fast tradisjon og eit av høgdepunkta i fotballsesongen.
Turneringa er open for jenter og gutar frå 9 til 13 år, og målet er å leggja til rette for gode sportslege opplevingar, nye vennskap og minner for livet. Fair play, inkludering og fotballglede står sentralt i alt me gjer.
Sidan 1980 har tusenvis av spelarar besøkt Etne gjennom Etnecup. Me er stolte av historia vår og ser fram til å ønskja nye og tidlegare deltakarar velkomne til mange nye cuphelger i åra som kjem.