For at det skal bli avvikla spel i klasse 9 og 10, må det vera påmeldt minst 8 lag i kvar klasse. Ved for låg påmelding kan klassar bli slått saman.
Klassane 1–8 blir spela i samsvar med reglane til R.F.K for barnefotball, med unntak av speletida som er 2 × 15 minutt.
Klasse 9–10: 9`er fotball i samsvar med reglane til R.F.K for ungdomsfotball, med unntak av speletida som er 2 × 20 minutt.
Alle spelarar som deltek, må vera speleberettiga for klubben dei spelar for.
Me ber om at overårige spelarar vert nytta for å sikra at lag har nok spelarar, og ikkje for å «toppa» lag. Kontakt Etnecup dersom de ønskjer å søkja om unntak.
Nokre kampar i 7`er-klassen og alle kampane i klasse 9 og 10 (utanom finalane) vert spela på Steinsvollen, om lag 5 minutt med bil frå Etne sentrum.
Alle lag som deltek i Etnecup må vera førebudde på å spela kamp fredag kl. 17.00.
Ved poenglikskap vert laga rangerte etter følgjande kriterium:
Finalane blir spelte over 2 × 25 minutt.
Ved uavgjort i sluttspelkampar blir det spela 2 × 5 minutt ekstraomgangar. Dersom det framleis er uavgjort, vert talet på cornerar telt (både i ordinær speletid og ekstraomgangar). Er det framleis likt, vert vinnaren avgjord ved loddtrekning utført av lagleiarane.
Med atterhald om veret blir kampane spela på grasbanar og kunstgrasbane.
Spelarar kan ikkje delta på to lag i same årsklasse (til dømes Etne G13-1 og Etne G13-2). Ved særskilde hendingar, som skade eller andre uføresette situasjonar, må turneringsleiinga kontaktast før kampen dersom det er behov for å nytta spelarar på fleire lag.