Informasjon om omlag kor langt frå Skakke laget skal overnatte, vert publisert når cupen nærmar seg. Eksakt overnattingsstad får lagleiar opplyst ved innsjekk hos den overnattingsansvarlege.
Kart som viser dei fleste overnattingsstadene finn du her:
Kart over overnattingsstader
Oversikt over kvar laga skal overnatte finn du her:
Oversikt over overnatting
I utgangspunktet kan laga ikkje sjekke inn på overnattingsstadene før kl. 17.00. Innsjekk for alle lag skjer i Skakke. Lag som skal overnatte i regi av Etnecup får all nødvendig informasjon ved innsjekk. Berre éin representant frå kvart lag (lagleiar eller trenar) skal møte til innsjekk. Det vil vera godt skilta til innsjekksområdet.
Reglar for overnattingsstadene finn du her.
Minst to lagleiarar eller andre vaksne må overnatte saman med spelarane. Det er plass til maksimalt 3 leiarar per lag på overnattingsstadene våre. Dei som skal overnatte og få matservering må kjøpe A-kort. Det er òg mogleg å bestille plass for campingvogn, bubil eller telt på Etnecup sitt område. Sjå informasjon om camping.
Spørsmål om overnatting kan sendast til overnatting@etnecup.no.
Merk: Innkvartering på skular og andre lokale i regi av Etnecup er ikkje mogleg før kl. 17.00.