
Fordeling av campingvogner, bubilar og teltOversikt over kvar dei ulike laga skal bu finn du i lenkjene nedanfor. Kartet ovanfor viser ei samla oversikt over alle campingområda.
Campingvogner og bubilar
Oversikt over campingvogner og bubilar
Dersom de skal bu på campingområde 1, 2, 3, 4 eller 5, er de velkomne til å plassera campingvogn, bubil eller telt frå torsdag før cupstart.
Det skal vera minst 4 meter mellom kvar campingeining. Alle vil få tildelt plass ved ankomst av vakter som syter for korrekt avstand mellom einingane.
Etter avtale med brannvesenet i Etne skal alle campingvogner plasserast med draget vendt mot branngatene.
Campingområde 9, 10, 11, 12 og 13 ligg på området til Enge skule og opnar seinast kl. 16.00 etter at skuledagen er avslutta. Dei andre campingområda opnar kl. 14.00.
Har du spørsmål om campingfordeling, kan du kontakta camping@etnecup.no.
Overnatting med telt, campingvogn eller bubil
Etnecup har eigne campingområde for deltakarar og følgje. Det kan bli mindre justeringar i plasseringane samanlikna med kartet ovanfor, men oversikta gir eit godt bilete av campingområdet.
Campingplass må reserverast på førehand. Bestilling skal gjerast av lagleiar gjennom Profixio. Det er ikkje mogleg å bestilla plassar individuelt.
Ved stor pågang kan påmeldinga til campingplass bli stengd. Tildeling av plassar skjer etter prinsippet «førstemann til mølla».
Campingplassar må førehandsbetalast. Sjå meir informasjon om fristar. Bestilling og betaling må gjerast av laget. Individuelle bestillingar er ikkje mogleg.
Spørsmål kan sendast til camping@etnecup.no.
Pris per eining for heile helga (inkludert straum)