Etnecup 2027 vert arrangert helga 11.–13. juni. Dei siste åra har interessa for cupen vore svært stor, og turneringa har blitt fullteikna på kort tid. Me oppmodar difor alle lag om å melda seg på så tidleg som mogleg når påmeldinga opnar.
Påmeldinga opnar søndag 3. januar kl. 12.00.
Finn de ikkje svar på det de lurer på, kan de kontakta oss på e-post eller ta kontakt via Facebook.
Lag som bestiller overnatting gjennom Etnecup, får innkvartering maksimalt 8 km frå turneringsområdet. Dei fleste overnattingsstadene ligg i gangavstand frå Skakke og dei sentrale cupområda.
Alle lag som skal overnatta gjennom Etnecup, må fylla ut ansvarsskjema for opphaldet. Ansvarsskjemaet finn de nedanfor. Skjemaet skal ikkje fyllast ut før overnatting er bestilt og påmeldingsavgifta for laget er betalt.

Lik oss på Facebook for å få informasjon raskast mogleg.