Fair play

Foreldrevett reglar:

  1. ‍Møt fram til kamp og trening. Borna ynskjer det.
  2. Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen - ikkje berre eiga dotter eller son.
  3. Gje oppmuntring både i medgang og motgang - ikkje kritikk.
  4. ‍Respekter lagleiar sin bruk av spelarar. Ikkje prøv å påverka han/ henne under kampen.
  5. ‍Sjå på dommaren som ein rettleiar. Ikkje kritiser avgjerdene.
  6. ‍Hjelp barnet ditt til å tola både siger og tap.
  7. ‍Stimuler og oppmuntra barnet ditt til å delta, men ikkje press det.
  8. ‍Spør om kampen var morosam og spanande, ikkje berre om resultatet.
  9. ‍Sørg for rett og fornuftig utstyr, ikkje overdriv.
  10. Vis respekt for det arbeidet fotballklubben gjer. Klubben treng di hjelp.
  11. ‍Tenk på at det er barnet ditt som spelar fotball, ikkje du.
  12. Hugs at det viktigaste av alt er at barnet ditt trivst og har det gøy saman med vener.

Haldningar til dommaren:

  1. ‍Vis respekt for dommaravgjerder.
  2. Slå ned på kritikk av dommaren. Dette gjeld både frå spelerar og føresette.
  3. ‍Lær spelarane at også dommaren kan gjera feil - like mykje som ein spelar.
  4. ‍Drøft omstridde dommaravgjerder sakleg med spelarane etter kampen.
  5. Er du usamd med dommaren, hald det for deg sjølv under kampen og ta kontakt med turneringsleiinga dersom det er noko me bør vite.
  6. ‍Gjer ditt for at også dommaren synest det er gøy på bana.
  7. Dersom det er klager på oppførsel hos andre lag skal dette takast opp med turneringsleiinga (Pål) som sitt på kontor i kjellaren på Skakkesenteret.